top of page

.

Velkomen til Modalen pensjonat

​

Det vesle pensjonatet ligg fint til mellom flotte fjell og langs elva berre ca 3 km frå Mo i Modalen. Pensjonatet har fem rom, kvart med eige bad med dusj og toalett, eit stort og fullt utstyrt kjøkken med plass til 20 personar. I tillegg er det opphaldsrom og kort veg til unike turar i inngangsporten til Stølsheimen, til Bryggjeslottet med badebasseng og bowling, til butikk og mykje meir. Om vinteren er det berre ein km til næraste lysløype, og her er det oftast mykje snø om vinteren. I hagen går hønene fritt, og her er det trampoline og andre leikar innanfor eit trygt område som er inngjerda. på "skuleplassen" utanfor pensjonatet som tidlegare var skule, er det og god plass til leik og aktivitet. 

​

Hjarteleg velkomne til eit fint opphald hjå oss.

​

Ring oss gjerne: 99385415

 

 

Her finn du oss, where to find us: 

​

Hjå oss kan du bli med på spennande opplevingar  eller slappe av i rolege og nydelege  omgjevnader. Sida er  under utvikling så her vil komme mykje meir etter kvart. Fyl oss gjerne på facebook eller instagram. 

bottom of page