Modalen pensjonat
Nyhende
Kva skjer
18. - 20.09.2020
​
Kurs i å male portrett med Jan-Ove Tuv! Her er ein early bird-rabatt, så om du melder deg på innan 31. mai får du rabatt på kurset :-)
​
Les meir her:
https://www.facebook.com/events/301220397540796/
​
​
8. april:
Christian Borch, mellom anna kjent frå NRK dagsrevyen, for å snakke om boka si Kjøp Berlin, og for å snakke litt om situasjonen i mellomkrigstida samalikna med i dag. Boka byrja i Bergen, så her er det nesten litt lokalt stoff og. Boka er bestilt inn på biblioteket, om nokon vil lese ho før han kjem. Han har ikkje med seg bøker på arrangementet, men om de ynskjer boka kan de bestille via pensjonatet. Han signerer bøkene om nokon vil det 😊
Det vert sal av kaffi, brus og baguetter/rundstykker.
Dette vert veldig interessant!
Meir info kjem
Hjarteleg velkomne
Kulturkveld
13. april kjem Jan Ivar Håland til Modalen pensjonat for å framføre nokre av dikta sine.
​
Jan Ivar var fødd i Florø, men flytta til Brekke medan han framleis gjekk på barneskulen. Han gjekk tre år på vidaregåande skule i Førde. Så fekk han lyphoma kreft Non-Hodgkins og måtte gjennom cellegiftbehandlingar. No har han arbeidd som montør innan bygging og vedlikehald av kraftstasjonar, og det er nok fleire her i Modalen som allereie kjenner til han.
Jan Ivar skriv om livet, det å bli misforstått, og det å finne sin plass i livet. Det er nok tekstar som mange kan kjenne seg att i på mange måtar.
I tillegg vil me høyre vakre dikt av Åse Jarleng, nydeleg song av Aud Karin Lønvik.
Inngangsbillett: 100 kr
Me arbeider heile tida med å utvikle pensjonatet til å bli best mogeleg. Her vil me informere om kva som skjer.