top of page
pensjonat.jpg

Om oss

Modalen pensjonat var opprinneleg ein skule som var bygd i 1958. På 70-talet vart det bygd ny skule på Mo, og dette bygget vart gjort om til barnehage. Her hadde dei etter ei tid to avdelingar, ei nede og ei oppe der det no er leiligheit. Då det var skule her var det gymsal der romma er no, og skulekjøkken der kjøkkenet er i dag. I 2007 sto den nye barnehagen på Helland klar og bygget her var tomt. I 2010 vart det seld til nokon private som bygde det om til bed and breakfast. Heile etasjen med utleigedelen er i praksis frå 2010 då det var omfattande endringar som vart gjort. Det kom opp fem lyse, fine rom, kvart rom med eige, fine bad med dusjkabinett, toalett, vask og underskåp. Flotte familiekøyer vart kjøpt inn og kjøkkenet vart totalt renovert. I 2015 vart det seld til nokre nye eigarar som bygde på ein kafè og ein skomakarverkstad. Då var det m.a. sal av pizza i kafèen som vart kalla pizzakroken. I september 2018 kom det nye eigarar som vil halde fram med utleige. Då huset har hatt ei så sentral rolle i bygda i så mange år, som det har som skule, barnehage og anna, vil romma få namn etter stader som folk i kommunen har eit forhold til eller som det er ei spennande historie knytt til. Me ynskjer eit tett samarbeid med andre aktører i området slik at me til saman kan tilby gjestane våre ein flott opplevelse i ein flott kommune. M.a. er brødet som er tilgjengeleg til frukosten frå ei lokal bedrift.

Me ynskjer at huset framleis skal bety noko for modølane og andre, og at det kan vere plass ein kan møtast og ha det kjekt, og med det skape nye, gode minner. Med dette opplever me at me har starta på eit nytt eventyr og vonar at du vil bli med oss på ferda og bli ein del av reisa framover.

bottom of page